Strålande vêr og god stemning. Også årets «Flåklypa Grand Prix» vart ein suksess.
Løpsleiar Ane Randen Skamsar fortel at det var 458 påmeldte til årets løp. 31 av dei påmeldte køyretya stilte ikkje til start, men dei 427 køyretya som deltok i det som er landets største veteranbilløp laurdag, fekk ein fantastisk dag på alle måtar.
Det er Jotunheimen Veterankøyretøyklubb som arrangerer det årlege løpet, som nå vart arrangert for 26. gong.
Flåklypa-løpet samlar folk - og gamle køyrety - frå store delar av landet, og både på Bergom i Lom og i Bismo i Skjåk krydde det av tilskodarar. Også langs løypa hadde mange benka seg for å få med seg dei fleire hundretals bilane passere.
Sjå bildeserie frå årets Flåklypa-løp øvst i saka.