Det tradisjonsrike gamaldans- og folkemusikktreffet Vårsleppen er i gang. Det er Lom spel- og dansarlag og Lom Trekkspelklubb som står som arrangør for treffet som har base på Fossheim turisthotell.

Vårsleppen starta fredag kveld med konsert med Rustad, Nilssen og Ranøien». Trioen vann Folkelarmpris i 2015 for tradisjonelt samspel.

Tom Willy Rustad, Ole Nilssen og Leif Ingvar Ranøien har kvar for seg utmerka seg som nokre av landets fremste utøvarar på toradar, og har funne kvarandre gjennom ei felles interesse for slåttemusikk på durspel.

Laurdag ettermiddag er det Sjokoladekappleik for born og ny konsert på Fossheim. I konserten deltek Fin Gammel Aargang, Ingebjørg Hammerdalen, Espen Nicolaisen, Even Offerdal Bakken, Lom toradergruppe, Ole Nilssen og Mads Erik Odde.

Seinare på ettermiddagen blir det akevittsmaking ved Simen Bjørgen og smak av lokale snacks ved Marianne Stensgård, og eit krydder med innslag av musikk mellom smakane.

Om kvelden er det dans med musikk frå to scener. Her spelar blant anna 30-årsjubilantane Ramstadstråndingein opp til dans.

Lom juniorspelmannslag spela opp til dans fredagskvelden. Foto: ARVE DANIELSEN