Anne Mette Gården og Simen Holen tilbaud seg å stille gratis med maskiner og arbeidskraft for å ruste opp den gamle hoppbakken i Dompe, samt å byggje opp ein minibakke ved sidan av.

Dette arbeidet var tenkt starta opp sist fredag eller laurdag. Nå er saka lagt daud av styret i Dompe Aktivitetspark.

Styreleiar Frank Morten Olsen stadfestar at saka er lagt daud. Utover dette har han ingen kommentar.