Lalm er den einaste plassen i Ottadalen som har folketog 1. mai, og tradisjonen tru stilte musikarar, politikarar, arbeidarar og andre opp måndag føremiddag for å gå i tog.
Mange tok del i markeringa av arbeidarane sin internasjonale kampdag på Lalm. Etter folketoget var det samling inne i samfunnshuset med underhaldning, appellar og tale for dagen. Det var Lalm Arbeiderlag, Sjårdalen Arbeiderlag, Vågå Ap og Fagforbundet Vågå som stod for gjennomføringa.
Måndag efta inviterer Skjåk Ap til 1. mai-markering i Dønfoss grendehus, der vågåordførar Iselin Jonassen skal halde tale for dagen.
Sjå meir i papiravisa torsdag.