Det siste året har Skjåk kommune arbeidd systematisk for å styrke informasjonsflyten frå kommunen, gjennom heimeside, facebookside, andre nettsider, dags- og vekepresse. Nyleg vedtok kommunestyret å opprette ei treårig stilling som kommunikasjonsmedarbeidar, men Skjåk kommune slår seg ikkje til ro med det. Kommunen vil vera sikker på å nå skjåkværar som ikkje er aktive nettbrukarar.

– For å nå skjåkværar som ikkje er aktive på nett, og for å få ut informasjon til turistar og andre forbipasserande, ynskjer administrasjonen å få prøvd ut ei ordning med digitale informasjonstavler, heiter det i ei sak som blir lagt fram for formannskapet fyrstkomande tysdag. Informasjonstavler er eit system med tv-skjermar og eit operativsystem for mating av datainformasjon på skjerm. Dette kan vera kommunal informasjon, løpande nyheiter eller informasjon frå heimesida.– Ein kan òg tenkje seg å bruke dette som ein beredskapsinformasjonskanal, til dømes ved flaum, ras, stengde vegar og anna, heiter det i saksutreiinga.Rådmannen legg opp til ein prøveperiode på eitt år, der det blir utplassert skjermar på Skjåk kjøpesenter, Coop Prix Skeimo, turistinformasjonen på biblioteket og Bruvoll eller Dønfoss camping. Etter kvart kan ein i tillegg sjå føre seg Bruktbua på Ånstad og eventuelt andre plassar der folk møtest. Dersom alt går som planlagt - og dersom politikarane seier ja - skal informasjonstavlene lanserast under Ståk i Skjåk 23. mai 2015. Rådmannen rår formannskapet til å løyve 55.000 kroner til innkjøp av tavler og programvare.