Kvar veke trekkjer Fjuken ut ein ung jubilant som får ei overrasking i posten frå lokalavisa.

Jubilanten blir trekt ut blant helsingane som har stått på trykk i papiravisa torsdag.

Denne vekas jubilant er Ane Gjeisar Enersvold som vart 8 år den 6. april.

Ane er vekas Fjuken-jubilant, og får ei helsing i posten éin av dei neste dagane. Foto: Privat

Gratulerer, Ane! Du får ei helsing frå Fjuken i posten éin av dei neste dagane.

Om du sender inn helsing til Fjuken på papir, men ikkje ynskjer å vera med på «Vekas jubilant» - gjer vel å melde frå om det.