I april 2018 vart små elektriske køyrety likestilt med ordinær tråsykkel. I mai 2021 vart nye reglar sett i kraft. Desse innebar mellom anna at det kan ileggast parkeringsgebyr ved feilparkeringar, ei tydeleggjering av forbodet mot å vera meir enn éin person på kvart kørety, ei presisering av at gåande skal passerast i maksimalt 6 km/t på fortau, gangfelt og gangveg, samt at kommunane kan setja opp nye skilt for å regulere bruken av små elektriske køyrety lokalt.

Frå onsdag 15. juni i år vart elsparkesyklane omklassifiserte frå sykkel til motorvogn, og fleire nye reglar vart sett i kraft.

Dei nye reglane inneber mellom anna at ein nå kan miste førarkortet om ein fyllekøyrer med elsparkesykkel. Den alminnelege promillegrensa på 0,2 for ruspåverka køyring gjeld nå også med elsparkesyklar og andre små elektriske kørety.

Terskelen for ta frå personar førarkortet for promillekøyring med elsparkesykkel blir lagt på same nivå som for moped, og ikkje nivået for bil. Brot på dei nye reglane for elsparkesykkel beheld dagens satsar. Det opplyser Samferdselsdepartementet.

Frå 15. juni er det også ei aldersgrense på 12 år for å bruke små elektriske kørety som elsparkesykkel. Mange utleigeselskap har eigne aldersgrensar, ofte 16-18 år. Det er nå også påbod om bruk av hjelm for barn under 15 år på elsparkesykkel.

– Samtundes er det alltid smart å beskytte seg, uansett alder. Både hjelm og hanskar vil kunne avgrense skadar dersom ein er uheldig på elsparkesykkelen, opplyser Samferdselsdepartementet.

Ein annan ny regel er at ein elsparkesykkel nå er omfatta av bilansvarslova, og får dermed også krav om ansvarsforsikring. Dette gjeld både privateigde og små elektriske køyrety som er leigd ut. Sistnemnde vil omfattast frå 1. september 2022, og det er utleigeselskapa som har ansvaret for å teikne forsikring. Eigarane av private kørety må skaffe forsikring innan 1. januar 2023.

Sjølv om elsparkesyklar kan ha konstruktiv toppfart på inntil 20 km/t, er det ikkje alltid lovleg å halde så høg fart. Gåande skal passerast i tilnærma gangfart og ikkje over 6 km/t på fortau, gangveg og gangfelt.

Det er tillate å parkere elsparkesykkel på sykkelveg, gangveg, fortau, gågate og gatetun, så lenge sykkelen ikkje er til hinder eller ulempe for andre trafikantar.

Det er berre tillate med éin person på kvar elsparkesykkel. Ved brot på dette kan både politi og Statens vegvesen ilegge eit gebyr på 3.000 kroner.

Kjelde: Samferdselsdepartementet/Regjeringa