– Dette er andre gong på stutt tid at bøtesatsane skal aukast. Spørsmålet er om stadig høgare bøter virkar etter hensikta, seier Ingunn Handagard, pressesjef i NAF.

Går satsane opp vil det koste deg 10.200 kroner å bruke mobilen i bilen. Det same vil brot på vikeplikt eller køyring på raudt ljos.

NAF er kritisk til om enda ein ny auke i trafikkbøtene vil verke inn på talet lovbrot eller auke trafikktryggleiken.

I februar i år auka bøtesatsane for brot på vegtrafikklova med 30 prosent. Nå vil regjeringa auke satsane att, for å halde tritt med prisveksten.

NAF meiner auken kjem for tidleg.

– Det var mykje skepsis til den førre auken, og om det ville verke etter hensikta. Vi etterlyser ein grundig gjennomgang om dei auka bøtene faktisk har hatt ein effekt på trafikktryggleiken og om det har vorte færre lovbrot. Vi er i ei dyrtid og bøtene er allereie på eit høgt nivå. Da kan det bli oppfatta som umusikalsk med enda ein auke så raskt, seier Handagard, som meiner bøtene bør fastsetjast etter inntekt.

(Pressemelding)