SJ Nord opplyser at det er på grunn av arbeid på sporet at det ikkje vil gå tog på Dovrebanen i helga.

Det vil bli køyrd buss for tog i båe retningar på heile strekninga mellom Oslo og Trondheim. Dette gjeld for alle avgangar laurdag 13. mai.

Sundag 14. mai blir det buss for tog på følgjande avgangar: Frå Oslo S klokka 08:02, 14:02 og 16:02. Frå Trondheim S klokka 08:17 og 10:18. Dei øvrige avgangane blir køyrd som normalt sundag.

For ein sikker og påliteleg jernbane skal det gjerast vedlikehald og anna arbeid i regi av Bane NOR på strekninga frå Eidsvoll til Dombås. Hamar, Rudshøgda, Øyer, Ringebu og Otta, er blant stadene der det skal utførast arbeid på eller langs sporet laurdag og sundag. Det opplyser Bane NOR.

Arbeidet vil vare frå cirka klokka 7 laurdag morgon fram til cirka klokka 17 sundag ettermiddag.