I Innlandet er forfallet på fylkesvegane estimert til over fire milliardar kroner. I handlingsprogrammet for fylkesvegar er det for perioden 2022 til 2026 sett av 700 millionar kroner til utbetring av vegar.

175 av desse millionane skal brukast i 2023. Ein del av denne potten blir brukt til ny asfalt på vegane.

Neste veke startar asfalteringa av 163 kilometer med fylkesveg rundt om i Innlandet.

Når det gjeld Ottadalen er det i denne omgang berre éin fylkesveg som får nytt asfaltdekke, og det er fylkesveg 2640 frå Vanglandet til Sande i Vågå. Dette er ei strekning på 6.790 meter.

Asfalteringa av fylkesvegar i Innlandet blir dekt gjennom midlar sett av i fylkeskommunen sitt handlingsprogram for fylkesvegar, ordinære drift- og vedlikehaldsmidlar, og statlege midlar.

Asfaltarbeidet vil gå føre seg fram til slutten av oktober, og einingsleiar for dekke og merke i Innlandet fylkeskommune, Johan Nøkleholm, ber trafikantane om å ta omsyn i månadane framover.

– På strekningar der det går føre seg asfaltering, vil det vera redusert framkomme. Vi ber trafikantane ta omsyn til asfaltarbeidet og trafikkdirigentane langs vegen. Kvart år oppstår det trafikkfarlege situasjonar som følgje av utålmodige trafikantar. Vis omsyn til dei som jobbar langs vegen. Dette er viktig for alles tryggleik, seier Nøkleholm.