Det opplyser dagleg leiar i Visit Jotunheimen, Mari Arnøygard Wedum, i ei pressemelding.

– Det betyr at du da kan køyre til alle fjellstovene langs den spektakulære nasjonale turistvegen og nyte og leike deg i fjella og naturen. Krossbu Turisthytte og Sognefjellshytta opnar same dag som vegen; 22.mars, seier Wedum.

Ho opplyser at hjullastar og fres dei neste vekene jobbar seg jamt og trutt gjennom snømassene, slik at vegen blir køyrbar til palmehelga.

Fram til da er fylkesveg 55 fysisk stengt med bom ved Rustasætre, før Bøvertonvatnet.

Dagleg leiar i Visit Jotunheimen, Mari Arnøygard Wedum. Foto: Frys Film

Når strekninga mellom Rustasætre og Sognefjellshytta opnar fredag 22. mars, vil vegen den fyrste tida vera nattestengd mellom klokka 20 og 08.

I fjor vart vegen opna mellom Rustasætre og Sognefjellshytta 30. mars.

I fylgje Statens vegvesen vil fylkesveg 55 Sognefjellsvegen bli brøyta heile vegen over fjellet til 1. mai.

Fv51 Valdresflye er i fylgje Statens vegvesen planlagt opna fredag 22. mars klokka 12.

Visit Jotunheimen kan elles opplyse at vegen i Leirdalen, mot Leirvassbu, er brøyta og open til Sletthamn, om lag 6 kilometer frå Leirvassbu, når hytta opnar 15. mars.

Visdalsvegen inn til Spiterstulen er open heilt inn til hytta når hytta opnar 15. mars.

Galdhøpiggvegen opp til Raubergstulen og Juvasshytta blir brøyta og opnar laurdag 9. mai.

Når strekninga mellom Rustasætre og Sognefjellshytta opnar, vil vegen den fyrste tida vera nattestengd i perioden 20.00–08.00. Foto: Frys Film

Byggjeleiar Andreas Sande Lien i Innlandet fylkeskommune opplyser at sjølv om ein håpar på å kunne opne Fv55 Sognefjellsvegen til påske, må ein ta atterhald.

– Det er forholdsvis lite snø i fjellet, så vi trur det skal vera mogleg å få frest opp vegen frå Lom-sida til Sognefjellshytta til påske. Men tilhøva kan endre seg i løpet av dei neste to vekene. Det kan koma mykje snø, eller rasfaren kan auke, seier Sande Lien.

Innlandet fylkeskommune opplyser at vêret som er nå er fint å brøyte i, men ved uver og sterk vind blir arbeidet vanskeleg. Sognefjellsvegen kan også vera utsett for snøras under visse tilhøve.

Fylkesveg 51 over Valdresflye har vore open på dagtid mellom Beitostølen og Bygdin i nokre veker. Byggjeleiar Håvard Ødegård håpar at heile vegen over Valdresflye kan opnast den 22. mars.

– Vi planlegg å opne då, men vi må rette oss etter vêret. Når vegen blir opna, blir det nattestenging mellom klokka 20 og 08. Trafikantane må vera førebudde på at vegen kan bli stengd på kort varsel ved uvÊr, seier Ødegård.