Faregraden for jord- og flaumskredfare er no nedjustert og kriseleiinga i Skjåk kommune vurderer det som tilrådeleg å oppheve evakueringa. Alle som har vore evakuert i Skjåk får nå flytte heim att.

Kriseleiinga ber folk om å framleis vere forsiktige langs elvekantar. Ver merksame og meld ifrå til Skjåk kommune servicetorg på telefon 612 17 000 og/eller teknisk vakt på telefon 909 77 628 om du ser utglidingar i terrenget, eller det er andre spørsmål i samband med kommunale vegar og kommunalt vatn og avløp. Kriseleiinga oppmodar også folk til å sjekke eigen eigedom at alt er ok.