Ukrainske Anastasiia stortrivst i Lom: – Det er så mange fine og gode folk her

Anastasiia Remihailo er elev på Lom ungdomsskule. Ho trivst svært godt i bygda. Foto: Tom Erik Solstad

– Om eg fekk ta med meg éin person på ei aude øy måtte det bli veslebroren min. Vi har eit svært godt forhold. Da vi budde i Ukraina krangla vi ein del, og hadde «konkurranse» om det meste, men etter at det vart krig vart vi meir samansveisa. Nå kranglar vi ikkje og har nesten vorte avhengige av kvarandre, seier niandeklassingen i Lom.