Kvart år plar russekulla i Lom å markere «Rosasløyfe-aksjonen» i oktober, i regi av brystkreftforeininga. Da kler både elevar og lærarar seg i rosa, tek bilde og marknadsfører saka i sosiale medium.

Neste års russekull har større planar enn som så. Elevane vil nemleg fokusere på gullsløyfe- og blåsløyfeaksjonen i tillegg – og dei ynskjer å gjera ein innsats for å samle inn pengar.

– Gullsløyfe-aksjonen er for barnekreftsaka. Da skal vi kle oss i gull, eller kanskje gult. Det er jo ikkje så mange som har gullklede, ler russepresident Mariell Båtstad.

Sist fredag markerte russen Gullsløyfe-aksjonen ved å kle seg i gull og gult. Foto: Privat

Blåsløyfe-aksjonen handlar om prostatakreft, og skal gå føre seg i november. Da vil russekullet kle seg i blått.

– På det viset håpar vi på merksemd rundt dei ulike kreftinnsamlingane, men det viktigaste er sjølvsagt håpet om at det kan bidra til at folk vippsar nokre kroner til dei ulike sløyfeaksjonane, seier Mariell, som truleg er meir oppteken av kreftsaka enn ungdomar flest.

Da Mariell var fire år, vart det nemleg oppdaga at veslesyster hennar, Henriette på to år, hadde hjernesvulst.

– Ho var svært sjuk, og det påverka nok også mitt liv ganske mykje. Å ha ein som er så sjuk i næraste familie gjer sjølvsagt at ein som unge blir usikker på kva som kan skje. Mellom anna måtte Henriette til USA for å få behandling, og da betalte faktisk Barnekreftforeininga for at eg kunne besøkje henne. Det er ein av fleire grunnar til at eg er ekstra takksam for kreftforeininga, takksam for at det blir forska på kreft og sjølvsagt takksam for sjukehus, legar og alle som bidrog til at det heile gjekk fint. For det gjorde det! smiler Mariell, og fortel at veslesyster Henriette nå går i fyrste klasse ved den vidaregåande skulen på Otta.

Dersom einkvan vil bidra til dei tre ulike sløyfeaksjonane, har Mariell Båtstad full kontroll på nummera du skal vippse til:

Brystkreft (rosasløyfe-aksjonen): 2266

Barnekreft (gullsløyfe-aksjonen): 02099

Prostatakreft (blåsløyfe-aksjonen): 89475