Det er Innlandet fylkeskommune som opplyser at fylkesveg 258 Gamle Strynefjellsvegen blir vinterstengt frå fyrstkomande sundag klokka 12.

Den nasjonale turistvegen mellom Skjåk og Stryn blir til vanleg stengt for vinteren rundt den 25. september.

– Det er venta nedbør og kuldegrader heile neste veke. Da er det tid for å stengje bommen. Vegen blir truleg klar for sommartrafikk i juni neste år, opplyser Innlandet fylkeskommune.