Kvar veke trekkjer Fjuken ut ein ung jubilant som får ei overrasking i posten.
Jubilanten blir trekt ut blant alle helsingane som har stått på trykk i papiravisa torsdag, og blir offentleggjort på våre nettsider.
Denne vekas jubilant er Mathea Brandsar i Skjåk. Ho fylte 2 år 25. mars, og kan vente seg ei pakke frå Fjuken i posten.
Gratulerer med dagen, Mathea!
Om du sender inn helsing til Fjuken på papir, men ikkje ynskjer å vera med på «Vekas jubilant» - gjer vel å melde frå om det.