Det var ordførar Iselin Jonassen som brukte desse orda da lansering av Kulturminnefondet si nye bok, «Innblikk», vart markert på Kalven Seter ved Lemonsjøen tysdag.

Eitt av seks prosjekt

– Kalven Seter er eit suksesshistorie, sa Simen Bjørgen, direktør i Kulturminnefondet.

Bjørgen fortalde at Kulturminnefondet totalt har støtta 4.157 prosjekt. Kalven Seter er eitt av seks vellukka prosjekt som er presentert i boka med flotte foto av Tom Gustavsen. Kalven Seter er einaste prosjektet frå Oppland i boka, som gjennom fotografi fortel kulturhistoria.

– Føremålet med boka er å inspirere andre til å gå i gang med sine restaureringsprosjekt. Prosjektet på Kalven Seter har vore gjennomført særdeles godt, sa Simen Bjørgen.

Dei fem andre prosjekta i boka er Karlslyst gård i Hommelvik i Sør-Trøndelag, Nyheim Lodge i Sunndal i Møre og Romsdal, Hovelsrud gård i Ringsaker i Hedmark, skipet D/S Børøysund som ligg til kai i Oslo, og stiftelsen Engøyholmen i Stavanger i Rogaland.

Ni år med restaurering

– Ein spennande dag. Det er ærefullt å få vere med i ei slik bok, sa Øistein Formo.

Vegen slik Kalven Seter står fram i dag, har vore lang. Da han og Anne-Mari Sandvær kjøpte bruket Kviten på Tessand i 2001, fekk dei med setra ved Lemonsjøen. Da hadde setra stått og forfalle i 40-50 år.

– Ikkje eitt einaste hus var brukande til noko, sa han.

I 2005 starta restaureringsarbeidet og dei fekk tildelt 500.000 kroner i midlar frå Kulturminnefondet. Den største tildelinga det året.

Etter ni år med restaurering er dei åtte seterbygningane berga.

– Takka vere samspel mellom Kulturminnefondet, kulturvernavdelinga i Oppland fylkeskommune, Smil-midlar og gode lokale handverkarar har vi kome dit vi er i dag, sa Formo.

Han framheva samarbeidet med Trehuseksperten og Tessa tre.

– Dei har gått inn i arbeidet med sjel. Ingen ting er gjort tilfeldig.

Fått evig liv

I dag er Kalven Seter ein populær stoppestad for både bygdafolk og turistar langs fylkesveg 51. Anne-Mari og Øistein ynskte å lage ein stad som var tilgjengeleg for folk.

– Ein når langt berre ein set seg eit mål. Det passar godt til deg Øistein, sa Anne-Mari under markeringa.

Ho song eit stev om å våge seg. Båe to har dei våga å satse og realisere draumen. 1. Juli er det fire år sidan Baristabudeia opna kaffebar på setra.

– Det er avgjerande at ein får dei rette eigarane til å gje gamle hus eit nytt liv, sa Iselin Jonassen.

Akkurat dette vart framheva av fleire. Blant anna konstituert fylkeskonservator Espen Finstad som tidleg tok kontakt med eigarane Kalven Seter.

– Bygningane har vorte sikra med ein fantastisk innsats. Eigarane har hatt rette haldninga, vilje, evna til å sjå og evna til å gjere noko med det.  Staden har fått evig liv, sa Finstad.

– Ein må ha eigarar som forstår og vil, og handverkarar som kan, sa kontorsjef Einar Engen i Kulturminnefondet.

Engen sa at det som kjenneteiknar restaureringsprosjektet på Kalven Seter er at eigarane har kopiert byggjetradisjonen i det dei fann.

– Dette er gjennomført i kvart hus. Det er slik vi vil ha det, sa han.

Ein annan organisasjon som er oppteken av å ta vare kulturarven, er Norsk Kulturarv. Direktør Erik Lillebråten gratulerte Kalven Seter med boka.