– Det blir spennande å sjå kva dei har fått til denne gongen. Mykje rart har skjedd, og komfortsona har vorte strekt til det uattkjennelege. Eg trur sesong to byr på det meste. Eg både gler og gruar meg til å sjå ein del ting, seier Jon Arild Jøingsli.

I årets sesong, som er på 16 episodar og som blir sendt onsdagar på TV2 Zebra, følgjer vi livet til skjåkværen som nybakt pappa.

– For fyrste gong er det noko som kjem foran raggen, og det kan jo by på utfordringar. Jon Arild er svært oppteken av at sjølv om han har fått barn, skal han ikkje slutte å reise på raggen. Mellom anna har han teke med seg Hugsten på ny tur til USA der roadtrip står på programmet, seier produsent Tommy Maczim.

Han fortel at det vart stort engasjement rundt Jon Arild si deltaking i fyrste sesong av «Wunderland», og at han er svært nøgd med at han vart med i den nye sesongen.

– Jon Arild er ein nydeleg kontrast til den elles så materialistiske verda vi lever i, seier Maczim, og fortel at tv-sjåarane nok ein gong kan vente seg mange artige scener, både av Jon Arild Jøingsli, og dei andre personane som medverkar i serien.