Onsdag hadde forhandlingsutvalet for Sel og Vågå sitt tredje møte. Ordførarane er godt nøgde med forhandlingane så langt, og det faktum at ein nå har kome eit godt stykke vidare i utarbeidinga av ein intensjonsavtale om samanslåing.

Dette kjem fram i ei felles pressemelding frå ordførarane Iselin Jonassen og Dag Erik Pryhn onsdag kveld.

– Vi skal bygge ein ny kommune. Vi har i dag kome eit godt stykke vidare i arbeidet med å konkretisere hovudpunkta, seier ordførar Dag Erik Pryhn, som opplever ei god stemning rundt bordet.

Den nye kommunen vil i geografisk utstrekking vere tilnærma lik tidlegare Waage kommune frå før 1908.

– Forhandlingsutvalet har vorte samde om at den nye kommunen får kommunenamnet Vågå kommune. Symbolet i kommunevåpenet vil vere reinen i kommunevåpenet til Vågå. Reinen har vore, og er, ein svært viktig ressurs og identitet for våre kommunar, seier ordførar Iselin Jonassen.

Kommunevåpenet til Sel, Pillarguri, vil bli det nye byvåpenet for Otta.

– Vi vel nynorsk som administrasjonsspråk for den nye kommunen. Otta skulekrins har bokmål som hovudmål, og dette vil bli vidareført. Mållova skal føljast konsekvent, understrekar vågåordføraren.

Administrasjonssenteret med rådmannleiinga blir lagt til Otta, men administrative funksjonar blir delt mellom kommunehusa i Vågåmo og på Otta. Vågåmo skal ha sterke fagmiljø, som eit forsterka landbrukskontor, ei teknisk avdeling med breiddekompetanse utover den kvar av kommunane har i dag, samt løn og personal. Forhandlingsutvalet er i dialog med NAV Oppland om lokaliseringa av NAV-kontoret.

På Otta vil det bli plassert strategisk og overordna kompetanse innan plan, økonomistyring, næring, IKT og informasjon. På båe stader vil ein finne eit publikumsretta servicetorg.

Lokalisering av barnehage, skule, bibliotek, helsesenter, legekontor, aldersheim og brannstasjonar, blir i fylgje ordførarane ikkje påverka av ei samanslåing, og blir vidareført i båe kommunane.

– Vi vil harmonisere eigedomsskatt i den nye kommunen. Fristen for når dette skal vere på plass kjem vi attende til. Harmoniseringa skal vere nøytral i høve nivået på eigedomsskatten i 2016, seier Jonassen og Pryhn.

Utmarksrettane vil bli vidareført slik praksisen er nå, med dei kommunegrensene som er i dag. Vågå fjellstyre og Sel fjellstyre vil også bli vidareført som sjølvstendige fjellstyre.

Det blir lagt opp til ei politisk organisering med 31 politikarar i kommunestyret, 7 i formannskapet og 7 i kvar av dei to hovudutvala.

Intensjonsavtalen skal handsamast i kommunestyra i Vågå og Sel i slutten av april, før veljarane får seie sitt i ei rådgjevande folkerøysting sundag 22. mai.

Neste veke skal forhandlingsutvalet ha nytt møte.

– I dette møtet vil vi ha særleg fokus på det utviklingspotensialet vi ser for den nye kommunen, sluttar ordførarane Iselin Jonassen og Dag Erik Pryhn.