Knut Helge Rønning frå Nesodden er innstilt til stillinga som rådmann i Vågå kommune.
Han har kone frå Vågå, Anne Lene Kristoffersen, og er såleis ikkje ukjent i kommunen.
Vågå kommune fekk inn 11 søknader til stillinga som rådmann.
Rekrutteringsprosessen er gjennomført i samarbeid med Headvisor AS som fekk oppdraget i konkurranse med to andre rekrutteringsselskap.
Rekrutteringsutvalet i Vågå møtte fire av søkjarane til fyrsteintervju i Vågå 9. juni. Utvalet konkluderte med at tre av søkjarane skulle gå vidare i prosessen.
Dei tre kandidatane vart kalla inn til andre gongs intervju i Vågå 27.juni.
Eit samla rekrutteringsutvalet støttar tilrådinga frå Headvisor AS.
Knut Helge Rønning blir tilsett som rådmann i Vågå kommune.
Tilsetjing av ny rådmann skal behandlast i ekstraordinært møte i formannskapet og kommunestyret tysdag 8. august.