Ved 18-tida tysdag kveld gjekk alarmen hjå Vågå brannvesen. Fire brannbilar med blåljos rykka ut til kraftstasjonen i Eidefossen aust for Lalm.

Brannsjef Pål Øygarden kunne roe med at det heile var prat om ei brannøving i kraftstasjonen.

– Eidefoss sine mannskap fekk øvd på sine rutinar ved brann, brannvesenet fekk øvd på sine, sa brannsjefen.

Øygarden fortel at i øvinga låg utrykkingskøyring på glatt føre. Difor vart det køyrt med blåljos.

– Det er viktig for brannvesenet å øve i anlegg som Eidefossen, sa brannsjef Pål Øygarden. Foto: ARVE DANIELSEN