Kai Valbjør er økologisk bonde i Nordherad i Vågå. Han blir sentral i det storstila samarbeidsprosjektet Landbrukets ØKOLØFT der målet er å rekruttere fleire økologiske matprodusentar og å sørge for at mest mogleg av den økologiske maten vi et er produsert i Norge.

– Inspirasjonsbøndene er viktige fordi dei er gode døme på korleis ein kan satse på økologisk matproduksjon, og gjennom at dei er viljuge til å dele sin praktiske erfaring med andre, seier Aina Bartmann, leiar for Landbrukets ØKOLØFT i ei pressemelding.

Bakgrunnen for prosjektet er at det lenge har vore ei ubalanse mellom etterspørsel av økologiske varer og produksjon. Sjølv om det norske forbruket av økologisk mat er vesentlig lågare enn i våre naboland, viser dei siste åra ein sterk auke også i Noreg. Samstundes er det nedgang i talet på økologisk drivne gardsbruk og dyrka areal.

– Heldigvis ser det ut til at nedgangen har bremsa opp. Nå er oppgåva å skape vekst, seier Bartmann.

Bak Landbrukets ØKOLØFT står Norges Bondelag, Norsk Bonde- og Småbrukarlag, Oikos – Økologisk Norge, Økologiske Foregangsfylker, Debio/DebioInfo og Norsk Landbruksrådgiving.