Det var ein rørt butikkeigar, Roffe Sandviken, som overrekte sjekken.

– Utan innsatsen frå brannvesenet hadde heile huset vore nedbrunne, sa han. Alt gjekk etter boka - og så roleg dei jobba. Det var fantastisk imponerande.

Det var den 27. januar at det tok til å brenne i det elektriske anlegget i den nyleg renoverte butikken. Berre tilgang til luft hindra ein eksplosjonsarta brann.

– Det kunne gått utruleg mykje verre om Sandviken ikkje hadde hatt att døra med det same han skjønte at det brann. Det kunne vera så varmt som 800 grader inne i lokalet da vi kom til staden, sa Festervoll.

Brannsjefen takka varmt for gåva, og fortalde at pengane mest truleg vil gå til meir utstyr til brannvesenet.

– Ikkje noko festleg lag for mannskapet altså?

– Nei, du veit vi lyt vera klare og på vakt heile tida, smilte Festervoll.

Butikken i Lom er nå uttsyrt med det mest moderne brannvarslingsanlegget som finst.

Marknadssjefen i Sport1, Espen Dybvig, kunne fortelja at ein har hatt ein gjennomgang av brannvarsling, rutiner, forsikringar og anna i dei 190 butikkane til kjeden - etter hendinga i Lom.