Fiskeplassen ved Nedre Hånåtjønn ved Grov vart vart offisielt opna hausten 2012.

Eit ved Nedre Hånåtjønn ved Grov. Det idylliske tjernet ligg attmed fylkesveg 51.

«Prosjekt Grov» er eit samarbeid mellom Vågå fjellstyre og Vågå Handikaplag. Målet er å lokke fleire til fiske og friluftsliv og er særleg tilrettelegging for rullestolbrukarar.

Det er bygd ein gapahuk, liten parkeringsplass og asfaltert fram til den nybygde bryggja. I tillegg er det tilrettelagt med bord/ benkar og bålpanne.

«Prosjekt Grov» er støtta av Norges Handicapforbund, Vågå kommune, Norges Fjellstyresamband, Vågå Handicaplag og Vågå fjellstyre.

Sidan opninga i 2012 har moglegheitene for å koma seg på do vore sakna. Torsdag stod den nye utedoen klar for bruk.

Det er Vågå fjellstyre som har sett opp utedoen. Doen har lik utforming som doane ved Hulderstigen og Ridderspranget, og tilfredsstiller minstekrava for rullestolbrukarar.

Fiskeplassen ved Grov ligg idyllisk til ved fylkesveg 51. Foto: ARVE DANIELSEN