– Ideen kom ein roleg dag i fjor. Vi tenkte: Kva skal vi finne på for å skape større aktivitet? Svaret vart kaffidans! fortel vertinne Anne-Mari Sandvær.

Kaffidansaren er ingen kven-som-helst, men profesjonell dansar Mette Pedersen, utdanna ved Norges dansehøgskule. Måndag framførte ho ein dans inspirert av Caffe Latte.

– Eg sa til Mette at ho skulle forestille seg at ho vakna og ikkje hadde drukkje kaffi. Og… så gjorde ho det. Dans det! sa eg, og det gjorde ho! ler Anne-Mari. Ho fortel at det neste gong blir ein anna type kaffi og dermed ein heilt anna dans. Det blir dansenummer på Kalven seter kvar måndag i heile juli.

Så langt i sommar har det vore svært travelt på Kalven seter. Om det skuldast kaffidansen eller heilt andre ting, veit ikkje vi, men baristabudeia Anne-Mari fortel at dei «ikkje har hatt rompa nedpå» sidan dei opna dørene i sommar.

– Det har vore svært mykje trafikk så langt i sommar, fortel baristabudeia Anne-Mari Sandvær. Foto: VIGDIS KROKEN