Natt til sundag vart ein mann pågripe av politiet, mistenkt for promillekøyring i Lundagrende i Skjåk.

I samband med pågripinga slo mannen i 20-åra til ein politimann.

Mannen vart fyrst køyrt til legevakta for blodprøve og frakta vidare til arresten på Lillehammer. Her vil han bli avhøyrt i løpet av dagen. Han vil bli meldt for vald mot politiet.

Elles har det vore ei roleg natt for politiet i Ottadalen, i følgje operasjonssentralen i Gudbrandsdal politidistrikt.