Her gjev vi deg ei oversikt over ein del av aktivitetane i kommunane Skjåk, Lom og Vågå som er heilt gratis.

Vi tek atterhald om feil i oversikta, som altså er berre eit utval. Det finst også ei rekkje betalingsaktivitetar i alle kommunane i Ottadalen.

Skjåk:

• Bading: Det er flotte badekulpar og fjellvatn overalt, mellom anna Bångråt- tjønn

• Turstigar etter merka turkart, og ulike naturstigar

• Fjellgeita: Turorientering for barnefamiliar, med 10 ulike turar

• Idrettsbana i Bismo: Friidrettsbane og fotballbane

• Sommarope bibliotek i Bismo

• Sykling: Ein kan utføre mange flotte sykkelturar på dei mange vegane i bygda

• Skateparken i Bismo

• Diskgolfbane på Moar

• «Skjåkutstillinga» på Galleri Mathilde i Bismo: Utstilling av kunstnarar som har tilknyting til Skjåk

• Fisking: Det er gratis å fiske i 200 fiskevatn for barn i Skjåk

• Sandvolleyballbane ved Dønfoss

• Geocaching: Orientering med GPS. Det er mange «cachar» i Skjåk

• Naturstig: Uppnose elgfangstanlegg ved Dønfoss

Lom:

• Fossheim Steinsenter: Utstilling, «gratistippen», vandring gjennom sentrum med meir

• Diskgolf på eiga bane i Bøverdalen

• Sommarope bibliotek med bokkafé

• Grilling i grillhytta på Skim, gjerne kombinert med fisking. Barn fiskar gratis

• Ein køyretur over den nasjonale turistvegen Sognefjellet, gjerne kombinert med ein sykkeltur innover Høydalen

• Bading ved Liabrua eller Tesse

• Norsk Fjellsenter (butikken og inn- gangspartiet er gratis, utstillinga er gratis for barn under 3 år)

• «Selfie-tur» til Kvilarsteinen og Lomseggen for ungar som er i god form, og ikkje har særleg høgdeskrekk

• Tur til bygdemuseet Presthaugen for å sjå på friluftsbygningane, leike ved dammen, og gå Rådyrtrakket eller Bordvassvegen

• Fugletårn ved Tesseosen

• Den nye leikeplassen på Nordal turistsenter

• Kulturstigen til Skutlan, med Kusletta som utkikkspunkt

• Lom idrettslag sitt nye flotte treningsanlegg i Grov

Vågå:

• Dompe aktivitetspark i sentrum: Ballbane, leikeutstyr, diskgolf og gapahuk

• Hulderstigen i Sjodalen: Kultur- og naturstig i fin fjellskog, lett terreng som passerer elver og tjern

• Munch-vandring: Gå i fotspora til Edvard Munch og farsslekta hans i Vågå. Total lengde 1,3 km. Ruta er godt merka, og byrjar i Vågå sentrum

• Moajordet Aktivitetspark i Vågå sentrum: Her er det ulike leikeapparat, sand- volleyballbane og skate- og sykkelpark

• Kalven Seter ved Lemonsjøen: Energikampaktivitetar for barn og unge

• Kvennberget på Lalm: Merka stig i fint skogsterreng

• Ulike merka ruter ut frå Vågå sentrum: Vanglandsrunda, Hølenrunda og andre

• Sykling: Fleire merka ruter

• Prestegardshagen i Ullinsvin: Restaurert historisk hage

Det kan vera verdt å ta seg tid til eit besøk i flotte Prestegardshagen i Ullinsvin i Vågå. Foto: Arve Danielsen/Arkiv

• Fisking: Gratis fisking i Vågå for dei under 16 år

• Jutulheimen Bygdamuseum

• Rulleski- og idrettsbane på Lalm

• Diskgolfbane ved idrettsplassen på Lalm. Det er gratis utlån av utstyr til diskgolf på utstyrssentralen knytt til Vågå bibliotek i Vågå sentrum. Her er det også mykje anna utstyr til utlån, til dømes kanoar, friluftsutstyr og el-syklar. Utlån gjennom Vågå bibliotek sine opningstider

• Bading i ulike fjellvatn/elvar i Finndalen, Jønndalen, Flatningen, Vågåvatnet med fleire

• Tennisbane på Halland i Vågåmo med gratis utlån av utstyr