For andre år på rad byr Mediehuset Fjuken på adventskalenderen «Fjukens Nissorama» på Fjuken-TV.

Kvar dag skal sjåarane prøve å avsløre ein ny ottadøl som gøymer seg bak nissemaska, og kvar dag får vi inn hundrevis av svar på e-post og sms.

«Nissar» vi sjølv tenkte kom til å bli for enkle, viser seg å vera «halvleie» for somme, medan «nissar» vi tenkte kom til å bli skikkeleg vanskelege, viser seg å vera enkle for somme sjåarar.

Kvar dag trekkjer vi ut ein vinnar blant alle som har svara rett, som får ei førjulsgåve frå Fjuken. Vinnarane blir kunngjort på nettet kvar morgon.

Her er ei samla oversikt over vinnarane så langt:

1. desember: Anette Stee, Lom

2. desember: Nina Ophaug, Vågå

3. desember: Geir Jeilen, Garmo

4. desember: Oda Brennhaug, Skjåk

5. desember: Ella Soglo, Skjåk

Har du ikkje fått sett alle episodane, finn du dei her.

Hugs at det er berre dagens episode du kan sende inn svar på.