Elevane ved Loar skule, representert av Ane Bjørgen og Syver Angard gliste breitt når dei kunne overrekkja handfast bevis på kor mykje skulen samla inn under solidaritetsdagen: Ikkje mindre enn 42.302 kroner!

Kristin Volden Mundhjeld som tok imot på vegne av TV-aksjonen avdeling Lom kommune var minst like glad som elevane, og kunne ikkje få fullrost engasjementet nok.

Før kronene frå Loar skule vart medrekna, såg tala slik ut for Lom kommune:

• Totalt innsamla: 78.884 kroner

• Bidrag per innbyggjar: 35,68 kroner

• Rangering i fylket: 20. plass av totalt 46 kommunar, fordelt på innbyggjarar

• Rangering nasjonalt: 157. plass av totalt 357 kommunar i landet, fordelt på innbyggjarar

Etter kronene frå Loar skule:

Totalt innsamla: 156.491 kroner

• Bidrag per innbyggjar: 70,78 kroner

• Rangering i fylket: 11. plass av totalt 46 kommunar, fordelt på innbyggjarar

• Rangering nasjonalt: 89. plass av totalt 357 kommunar i landet, fordelt på innbyggjarar