– Det er eldsjelene som er ryggraden i idretts-Noreg, sa prisutdelarane før prisen vart delt ut i Trondheim laurdag kveld.

Formo var blant dei tre finalistane til Årets Eldsjel, men prisen gjekk til Adnan Naeem frå Oslo.

Sjølv sa Formo før prisutdelinga at det var stort berre å bli nominert til den store prisen. Han kan vera stolt over å koma «på pallen» i denne prestisjetunge prisutdelinga.

Øistein Formo i Trondheim Spektrum. Foto: Privat foto
Øistein Formo før kveldens hending. Foto: Privat foto