Skjåk Turn arrangerer i helga krinsturnstemne for Oppland. Det heile kjem til å gå føre seg i Bismo og over 600 ungar er påmeldte.

Stemnet blir og ei markering av 30-årsjubileet til Skjåk Turn og 125-årsjubileet til Norges Gymnastikk- og Turnforbund. Stemnet i Skjåk er det 73. i rekka, og det er 20 år sidan Skjåk arrangerte dette stemnet siste gong.

Laurdag var det oppvisingar og opptog i Bismo. Sundag er sjølve stemnedagen, som kjem til å gå føre seg på idrettsplassen ved ungdomsskulen.