Lom Møbeleiendom AS, ved Ola Steinbakke, har søkt dispensasjon frå reguleringsplan for Prestøya/Gjeisarøya for å omdisponere cirka 2.600 kvadratmeter av næringsbygget etter tidlegare Lom Møbelindustri til forretningsformål. Det er i dag regulert til industri.

Fin moglegheit

Ola Steinbakke skriv i søknaden:

– Etter at møbelproduksjonen vart avvikla , har det vore vanskeleg å finne nye leigetakarar til slik verksemd. Lokala har vore sporadisk leigd ut til lager og vinterlagring av køyretøy. For å få verksemd inn i bygget att, ser eg det som ei fin moglegheit å omdisponere lokala til forretningsformål.

Dispensasjon fyrst

Steinbakke seier at han ikkje har nokon konkret som er på tur inn.

– Eg har vore i kontakt med fleire aktuelle leigetakarar som ynskjer lokal i Lom, men det er ikkje slik at det står nokon og ventar. Eg vil ha moglegheit til å kunne leige ut til detaljhandel, og det ser ein også at kommunen ynskjer gjennom innstillinga i saka, seier han.

Steinbakke ynskjer å få avgjort spørsmålet om dispensasjon før han går vidare med potensielle leigetakarar.

Visse vilkår

Kommunen er innstilt på å gjeva dispensasjon, på visse vilkår:

• Det skal ikkje vera parkeringsplassar innanfor regulert byggegrense på 15 meter mot fylkesveg 468, heller ikkje innanfor ei siktsone i krysset Stupulvegen/fv 468.

• Det må setjast av areal til trafikktrygg samband for gåande og syklande frå inngangsparti til nye forretningslokal fram til krysset Stupulvegen/fv 468.

Større fordelar enn ulemper

– Det er ein vesentleg samfunnsnytte knytt til søknaden, fordelane med å gje dispensasjon er derfor klart større enn ulempene, står det i innstillinga frå rådmannen.

Formannskapet i Lom får saka på bordet neste veke.