Saka vart oppdaga måndag kveld. I dag, onsdag, har dei tilsette vorte informert om hendinga.
Rådmann Svein Holen stadfestar opplysningane Fjuken sit med. Han fortel at ein av dei tilsette på Skjåkheimen vart teke på fersk gjerning - og at saka umiddelbart vart meldt til politiet.
– Dette viser at dei interne kontrollrutinane på Skjåkheimen fungerer etter intensjonen. Tjuveriet vart oppdaga med det same. Eg håpar omverda ser at når slike hendingar blir avdekt, så vil òg Skjåk kommune politimelde saka med det same. Det er ikkje aktuelt å sjå mellom fingrane i slike saker, det skal innbyggjarar, pasientar og pårørande vera heilt trygge på, seier han.
Politiet i Ottadalen ynskjer ikkje å kommentere saka førebels.