For tida pågår det utbetring av riksvegen mellom Rudilykkja og rasteplassen aust for Solheimsvingen. Ei strekning på 2,3 kilometer.

På grunn av sprenging av ei fjellskjering vest for Solheimsvingen, må bilistar denne veka og neste rekne med noko ventetid.

Byggjeleiar Henning Garmo i Statens vegvesen fortel at vegen blir stengt i periodar på 15 minutt mellom 07.00 og 19.00. Det er manuell dirigering på staden.