Jernhesten, som står på eit lager hjå Ola Stokstad i Sjårdalen, er eit klenodium. Det er kun att eit fåtal av desse «jernhestane» i landet og entusiastar arbeider nå for at denne type traktor kjem attende til Vågå.

Det var Thor Holbø på garden Søre Holbø i Sjårdalen som kjøpte traktoren i 1921.

Tor Holbø som er dagens brukar på garden og barnebarnet til han som i si tid kjøpte «jernhesten», har funne ein bunke gamle brev og korrespondanse vedrørande traktorhandelen i 1921.

«Undertegnede erkjender herved at ha solgt sin jernhest - modell D. garantert i feilfri stand», står det i kontrakten som er signert «T. Holbø, Vaagaa» som kjøpar, og seljar Th. Haakenby den 1. april 1921.

Prisen for traktoren var 7.800 kroner, som nok var ein svimlande sum den gongen. Ny kosta «jernhesten» 14.500 kroner.

Tranporten av «jernhesten» gjekk med jernbanen frå Østfold til Otta stasjon. Frå Otta vart traktoren køyrt for eiga maskin oppover Ottadalen til Søre Holbø i Sjårdalen. Ein tur på cirka to og ei halv mil.

Når ein veit at traktoren gjekk seks kilometer i timen, kan ein rekne ut kor lang tid ein brukte på turen. Og med hjul av jern, var det ikkje nokon luksusskyss som snegla seg oppover dalen. Men merksemd skapte nok farkosten, som truleg var den fyrste traktoren i bygda.

«Jernhesten» var i bruk på Søre Holbø til utpå 1950-talet. Tor Holbø hugsar at han som gutunge kleiv og leikte på den gamle traktoren før den vart seld til ein skraphandlar i 1955.

Da det i 2017 vart spørsmål om kva som var den eldste traktoren i Vågå, kom tankane på den gamle «jernhesten» som hadde vore i bruk på Holbø.

Ein fekk spora opp ein «jernhest» hjå Ivar Bø i Follebu. Ein delegasjon frå Vågå reiste dit for å sjå på traktoren. Med på turen var Kåre Sveen, som hadde sett «jernhesten» i bruk i Sjårdalen. Han slo fast at dette var maken til den som hadde vore på Søre Holbø.

«Jernhesten» i Follebu var til sals, og ein fekk med seg traktoren for å syne den fram under Traktor-Rock i fjor.

Traktoren har i vinter stått parkert i lageret til Ola Stokstad i Sjårdalen.

Det er sett i gang ein aksjon for å få kjøpt attende traktoren til Vågå. Prisen for den hundre år gamle traktoren er 120.000 kroner.

«Jøynnhestens venner» i Vågå historielag sel nå andelar for å finansiere kjøpet.

Ola Stokstad fortel at det til nå er kjøpt andelar for 42.500 kroner.

– Vi ynskjer å stille ut «jernhesten» på ein sentral plass i Jutulheimen, med informasjon om Vågå si landbrukshistorie, seier Ola Stokstad.

«Jernhesten» hadde firesylindra motor med elektrisk startar, og var utstyrt med ljos framover og ned på plogen.

Roy Myrum i Sjoa og Heidal Gammelteknisk forening fortel at traktoren var forut si tid og hadde toppventilert motor.

– Dei fleste hadde sideventilert motor både i bil og traktor til langt ut på 1940-talet, seier Myrum.

Saman med broren Kjell Ivar har han gjort ein del arbeid på traktoren for å få sett den i stand.

Tor Holbø fortel at han har funne delar som låg att på garden. Her var ekstra hjul, plog, sete og spakar.

Det var todelt tank på traktoren. Ein starta traktoren med bensin, og når motoren vart varm, gjekk ein over på parafin.

– Jernhesten gjekk penare enn gamle gråtassar, seier Kåre Sveen.