Sist helg hadde korpset fire skuterar i gang, og nærare 8 mil med løype vart stikka i Reinheimen nordvest i Skjåk.

Det er stikka løype frå Grotli til Danskehytta, over Torsnose til Vetldalshytta, opp Kariløyfte og halvvegs til Pyttbu, til Torsbu, Tverråhytta og ned til Billingen.

Stikkemannskapa rapporterer at snøtilhøva er ulike - med mindre snø på toppane og rikeleg andre stader.

Det var omtrent ikkje skred å sjå, men skredfaren endrar seg heile tida.