Samla tildeling i år er ein kraftig auke frå i fjor, men likevel langt mindre enn det innmelde behovet.Fylkesutvalet har fått inn i alt 205 søknader til ein godkjend søknadssum på om lag 216 millionar kroner. – Når vi ser på søknadssummen, vitnar det om ein formidabel aktivitet. Vi er ikkje i nærleiken av å ha pengar til å følgje opp, seier fylkesvaraordførar Ivar Odnes (Sp).