Entreprenøren, som ikkje er heimehøyrande i vårt distrikt, skulle skifte kunststoffdekket på Bismo stadion innan 15. oktober 2015. Anbodet var på 1,9 millionar kroner. Det gamle dekket vart fjerna den 20. august, men deretter vart det stilt. Meir vart aldri gjort, trass i fleire purringar frå Skjåk kommune.

Det er nå tre månader sidan arbeidet skulle vore ferdig.

– Etter ei heilskapsvurdering ser vi på forseinkinga som eit vesentleg mishald i høve kontrakta, skriv teknisk sjef Ove John Plassen til entreprenøren. Han varslar at Skjåk kommune vil oppheve kontrakten 1. februar 2016 dersom det ikkje blir stilt solide forsikringar om at arbeidet blir fullført så raskt som råd.

Kva som nå vil skje, er uvisst. Det som er sikkert, er at prosjektet er - og blir - kraftig forseinka. Ein ny anbodsrunde vil i tillegg koste ein del kroner ekstra for kommunen.