I kveld, fredag, er det premiere på årets ungdomsmusikal, «High School Musical», i Otta kulturhus.
Det er Regionrådet i Nord-Gudbrandsdalen som har eigaransvaret for Ungdomsmusikalen som alle seks kommunane står bak. Det er Ung i Nasjonalparkriket som har fått ansvaret for å gjennomføre «High School Musical».
Fjuken såg generalprøva torsdag kveld, og vi vart ikkje anna enn imponerte. Her var det ikkje eit einaste daudpunkt. Frå sceneljoset vart slått på, og heilt til sceneteppet gjekk att to timar seinare, var det stor speleglede, full fart og mykje energi på scena i Otta kulturhus.
Instruktør og regissør Arild Halvorsen har valt å vere tru mot originalen av «High School Musical», men har lagt historia til vår eiga tid. Gjennom flotte sangprestasjonar, godt skodespel, flinke dansarar og dyktige musikarar, får aktørane publikum garantert til å smile og trampe takta. Kanskje blir det til og med ellevill jubel.
Eit fåtal av aktørane har tidlegare vore med på ein liknande stor produksjon. På scena er det nesten berre debutantar i årets ungdomsmusikal. Og når ein attpåtil tek med at snittalderen på aktørane i er 16 år, står det stor respekt av oppsetjinga av Disney-klassikaren. I alt medverkar 40 ungdomar på scena i «High School Musical». Med musikarar og resten av staben som jobbar «i kulissane», er om lag 80 personar med på årets musikalproduksjon.
Etter premieren på musikalen i kveld, fredag, blir det framsyningar kvar kveld i Otta kulturhus, til og med torsdag 14. april. Laurdag 9. april blir «High School Musical» spelt to gongar.
Dei som har kjøpt billettar til éin av dei i alt åtte framsyningane har verkeleg noko å gle seg til. Dei som ikkje har kjøpt seg billett, bør få ut fingeren og gjere det snarast, for dette fyrverkeriet av ein musikal må opplevast ...
Les meir frå musikalen i papiravisa neste veke.