Det blir vel feil om vi seier at avgangselevane ved Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule avdeling Lom tykkjer det er triveleg å vaske doar, men dei vil ikkje kalle jobben dei har under Landsfestivalen i gammaldansmusikk for ein dritjobb.

– Det er faktisk reinare her enn det vi hadde trudd det skulle vere på førehand, seier Erik Aurmo, Ragnhild Kvåle Olstad, Ingrid Øverli og Anna Elisabeth Volden som vi treffer på festivalcampingen laurdag føremiddag.

Dei er klare for ei ny økt med påfylling av toalettpapir og vasking. Saman med resten av klassa har dei ansvaret for å halde toaletta reine på campingen og i Steinfjoset.

– Vi gjer andre ting også. Mellom anna plukkar vi søppel og tomgods, også hjelper vi til i matteltet inne på festivalarenaen, seier dei fire.

For jobben klassa gjer under Landsfestivalen, får dei pengar til klasseturen dei skal ha til Polen i haust.

Medan Fjuken står og intervjuar elevane om korleis det er å vaske doar, kjem fleire campinggjestar bort til dei for å skryte av jobben dei gjer.

– Det er alltid reine toalett på campingen. Dykk er kjempeflinke og gjer ein god jobb! er kommentaren frå éin av gjestane som akkurat har vore på toalettet.

Erik Aurmo, Ragnhild Kvåle Olstad, Ingrid Øverli og Anna Elisabeth Volden tykkjer det er triveleg å få så gode attendemeldingar frå gjestane, og rosar brukarane.

– Det er sjeldan at det er stygt inne på doane. Dei er stort sett reine og fine!

Totalt er det 250 campingvogner og om lag 50 telt inne på festivalcampen.

I avgangsklassa ved den vidaregåande skulen i Lom er dei 36 elevar. Alle er med under Landsfestivalen.

– Vi har rundt 110 vakter i løpet av desse dagane, seier Ragnhild Kvåle Olstad.

– Ikkje 110 vakter kvar altså, men til saman, legg Erik Aurmo til og skrattar, før han og dei tre jentene tek til med ei ny vaskeøkt på doane.

Sjølv om det ikkje er det trivelegaste dei gjer, har dei det morosamt når dei vaskar toalett. Foto: Tom Erik Solstad