Forslaget, som vart lagt fram for formannskap torsdag, innebar ein årleg auke på totalt 152.000 kroner i godtgjersla til ordførar, varaordførar og formannskapsmedlemar, i tillegg til totalt om lag 50.000 kroner til kommunestyremedlemar. Til saman ein årleg auke på 202.000 kroner til dei politisk tillitsvalde.

– Eg reagerte kraftig da eg fekk sjå forslaget, eg vil ikkje vera med å auke politikarløna. Det er forkasteleg når vi må kutte andre stader, sa Bygdalistas Kristian Frisvold da saka var oppe i kommunestyret.

Da saka var oppe i formannskapet vart det vedteke at det nye kommunestyret skal setja ned eit utval for å gå gjennom godtgjerslereglementet.

– Når Sp og Ap ikkje fekk fleirtal for forslaget frå ordføraren, turte dei ikkje å køyre over oss og gjekk for å setja ned eit utval. Dette berre fordi det er val nå, sa Frisvold. Eg foreslår å halde på dagens reglement og fylgje justeringane som andre løner fylgjer, sa Frisvold. Eg foreslår å halde på dagens reglement, sa han.

Ordførar Holø sa ein må halde seg på eit lågast mogleg nivå, men at reglementet må forenklast.

– Eg heller nok i retning av Frisvold, sa Mai Bakken (Ll), men til meir ein set seg inn i saka, til meir ser ein at det må utgreiast meir, sa ho.

– Å vera politikar er eit tillitsverv, og ikkje noko ein skal tene på, meinte Arnstein Rusten (Sp).

Frisvolds forslag om å halde på dagens godtgjeringsreglement fall, men han fekk støtte av listekollegaene og Helland og Rusten frå Sp og Øyen (uavh.).

Det nye kommunestyret skal altså setja ned eit utval for å sjå på reglementet, og dagens ordning står fast enn så lenge.