«Fjukflaska har gøymt seg på nytt, ja! Ved eit turmål som mange har nytta. Start turen frå brua, i Lom - har du trua? Du finn flaska i taket i ..........»

Dette er hintet du får for å avsløre kvar du skal leite etter Fjuken si jubileumsflaske denne veka. Tidspunktet for når flaska blir gøymd - om det er før eller i helga - blir ikkje avslørt, så her må du berre ta turen og sjå.

Dette er bakgrunnen for flaskeleitinga, for dei som ikkje har fått med seg det:

Fjuken fyller 35 år i år. I samband med jubileet vil vi kvar einaste veke fram til jul gøyme ei nummerert sylvgrå Fjuken-drikkeflaske på ein tilfeldig plass i Ottadalen. 35 veker - 35 flasker - 35.000 kroner. Både i papiravisa og på nettsida vår vil du - i forkant av flaskegøyminga - finne eit hint om kvar du bør leite.

Inni den eksklusive jubileumsflaska som finst i berre 35 eksemplar, ligg eit bevis på at du har vunne 1.000 kroner, og beskjed om kva du må gjera for å få pengane overført til kontoen din. Du får sjølvsagt også behalde drikkeflaska.

Flaskefinnaren vil bli publisert både i papiravisa og på nettsida.

Flaska denne veka er nummer 3 av 35. Lykke til med jakta!

Konkurransen er open for alle, med unntak av Mediehuset Fjuken sine tilsette og deira nære familiemedlemar.

For at flest mogleg skal ha moglegheit til å vinne, er det viktig å merke seg at same person ikkje kan vinne fleire enn èi flaske i løpet av heile konkurranseperioden på 35 veker. Finn du ei flaske, men har funne før - la den liggje eller henge til nestemann kjem.