Per Dagfinn Ersvik frå Vågå var den heldige uttrekte som vann ei Fjuken-flaske med 1.000 kroner oppi.

Han var ein av mange som kom innom på Fjuken sin stand i Vågå laurdag, og la att namn og telefonnummer på ein lapp for å bli med i trekninga om premien som er med og markerar Fjuken sitt 35-årsjubileum.

Neste veke kan du bli den heldige. Men da må du ut og leite. Følg med i papiravisa og på nettsida for å finne eit hint om kvar den eksklusive sylvgråe jubileumsflaska er gøymd her i Ottadalen.

Mona Flatum Moen fekk æra av å trekkje den fyrste vinnaren. Foto: Hans Erik Kjosbakken