Fredag 3. mai vil fargerike fotballtrøyer prege arbeidsplassar, gatebildet, skular, barnehager og ikkje minst sosiale medium. For kvart år tek stadig fleire på seg fotballtrøye for å heidre barna vi dessverre har mista, og for å vise si støtte til barn og ungdom med kreft.

I Noreg får kvart år over 200 barn og unge mellom 0 og 18 år kreft. Kreft er den vanlegaste dødsårsaken for barn mellom 1 og 14 år i Noreg i dag.

– Barnekreft er ikkje det same som vaksenkreft, og må behandlast deretter, seier Nicolaysen. Det er stort behov for midlar til forsking på kreft som råkar barn.

Barnekreftforeiningas mål er at ingen barn skal dø av kreft. I tillegg til at den norske befolkning kler seg i fotballtrøyer, ynskjer Barnekreftforeningen at dei som har moglegheit vippsar eit bidrag i høve dagen.

– For mange barn og unge med kreft er fråveret av normalitet svært vondt, seier Nicolaysen. Dei saknar å gå på skulen og møte venene sine på trening. Fotball er ein viktig sosial arena for tusenvis av barn og unge!