Før Landsfestivalen i gamaldansmusikk tok til, tok arrangørane Lom spel- og dansarlag høgde for 10.000 besøkande. Dei trefte ganske bra med talet.

– Ja, så vidt eg kan sjå passerte vi 10.000 personar som var innom festivalen mellom onsdag og sundag, fortel festivalsjef Grete Sjurgard.

Fredag kveld var om lag 3.500 personar inne på festivalområdet, medan laurdag var talet mellom 4.000 og 5.000. Det var også mykje folk på festivalen dei andre dagane.

I tillegg til tevlingar besto festivalen av konsertar, fleire plateslepp, ladefestival for dei yngste, gamaldansquiz, spel og dans.

Det vart ei glitrande gamaldanshelg i Lom.

Sjå bildekarusell øvst i denne saka.

Under kan du sjå video av Skjåk spel- og dansarlag sine juniordansarar, og av stortingspresident Olemic Thommessen som opna festivalen med felespel saman med Lom spelmannslag.