– Det er berre å beklage sterkt at personar som ikkje er medlemar av kyrkja har motteke valkort, seier biskop Solveig Fiske i ei pressemelding.

På landsbasis blir det i perioden 25. juli til 8. august sendt ut 3,1 millionar valkort til personar som har rett til å stemme under kyrkjevalet i september. Nå viser det seg at det ved ein feil har vorte sendt ut valkort også til fleire som ikkje er medlem i Den norske kirke. Til og med born som ikkje er døypt, har fått tilsendt valkort i posten.

Det er sterke reaksjonar blant folk både på sosiale medium og andre stader etter at feilen vart kjent. Mange spekulerer i at dette er medlemsjuks og at kyrkja profitterer økonomisk på eit kunstig høgt medlemstal.

Direktør i Kyrkjerådet, Jens Petter Johnsen, forsikrar om at Den norske kirke ikkje har noko å vinne på feil i medlemsregisteret. Kyrkja får ikkje offentleg støtte per medlem, men over staten og kommunane sine budsjett, ut frå kyrkjepolitiske føringar i Statsbudsjettet og kommunane sine plikter i høve Kirkeloven.

Kyrkjerådet jobbar nå med å finne årsaka til feilutsendingane.

– Har du feilaktig motteke valkort, så ta kontakt med ditt lokale kyrkjelydskontor så fort som mogleg slik at feilen blir retta opp, seier biskop Solveig Fiske.