Det er seglflygruppa i Drammen flyklubb som står bak stemnet Vågå Wavecamp som blir arrangert for 27. gong i år.

Rundt 30 deltakarar, 12 seglfly og 2 slepefly er, i fylgje stemnesjef Lars Thorenfeldt, venta til Vågåvatnet i perioden 12.-19. mars under stemnet.

Det er tre år sidan Vågå Wavecamp sist vart gjennomført i Vågå. I 2014 vart seglflystemnet avlyst på grunn av dårlege istilhøve på Vågåvatnet. Dårlege tilhøve var det også i fjor, noko som førte til at arrangementet vart flytta til Frya.

I år ser det derimot lovande ut for deltakarane. I fylgje pilot og seglflyentusiast Dag Holen i Vågå, er isen på Vågåvatnet god.

– Nå er isen 75 centimeter tjukk. Det er spådd mildvêr på dagtid framover, men det er også spådd kaldt om nettene, og da er vi berga. Eg har trua på at dette skal bli bra, seier Holen som er blant dei fire lokale pilotane som deltek under Vågå Wavecamp.

Vågå har, i fylgje seglflypilotar, ekstremt gode tilhøve og fantastiske bølgjer med nesten alle vindretningar. Dette er grunnen til at arrangørane Drammen Flyklubb vel å arrangere det årlege stemnet nettopp her.

– Det finst ikkje noko betre plass å flyge med seglfly enn i Vågå, meiner stemnesjef Lars Thorenfeldt.

Vågå Wavecamp er open for publikum under heile stemnet, så dei som ynskjer å ta ein titt på dei mange seglflya, letting og landing, kan ta turen til Vågåvatnet dei neste dagane.