Landsfestivalen i gammaldansmusikk i Lom er over. Meisterkonserten i idrettshallen i Utgard sundag ettermiddag markerte avslutninga på eit svært vellykka gammaldans-arrangement, der om lag 500 friviljuge har vore i sving for å hjelpe til. Det er Lom spel- og dansarlag som har stått som arrangørar for Landsfestivalen, som er ein ambulerande festival i regi av organisasjonen FolkOrg.

Deltakartalet under Landsfestivalen i Lom var over det dobbelte, samanlikna med festivalane dei siste åra, med over 900 deltakarar fordelt på langt bortimot 200 startnummer, gjennom dei ulike tevlingane som har gått over tre dagar.

Det har vore knytt stor spenning til kven som stakk av med dei tre beste plassane i dei ulike klassene det har vore tevla i. Vinnarane vart nemleg ikkje kunngjort før under meisterkonserten sundag. Det er slik reglane til FolkOrg er.

I ein fullsett idrettshall vart dei aller beste deltakarane applaudert medan dei tok i mot heider og premiar på scenen, før dei kvittere med musikk og dans. Mange ottadølar kunne reise frå årets festival med topp-plasseringar i instrumentkassa si.

Les meir frå Landsfestivalen i papiravisa torsdag.

Etterkvart vil vi legge ut ein bildeserie på nettsida vår med eit bildeglimt frå Landsfestivalen i Lom.

Her er årets landsfestival-vinnarar (lokale deltakarar i kursiv):

Solo durspel junior:

1. Tor Nythun – Vårflaumen spel- og dansarlag

2. Vegard Thon - Etnedal

3. Even Offerdal Bakken

Solo durspel senior:

1. Sindre Fotland – Osterøy spel- og dansarlag

2. Kristin Gravaune – Oppdal spell- og dansarlag

3. Øyvind Sandum – Vågå spel- og dansarlag

Solo andre instrument junior:

1. Even Offerdal Bakken – Lom spelmannslag

2. Tor Nythun – Vårflaumen spel- og dansarlag

3. Espen Barlund Nicolaisen – Lom spel- og dansarlag

Solo andre instrument senior:

1. Ronny Kjøsen – Søndre Trondhjems spellmannslag

2. Øyvind Sandum – Vågå spel- og dansarlag

3. Ole Nilssen – Hedmark folkemusikklag

Solo fele/ hardingfele junior:

1. Marius Westling – Østerdølenes spellmannslag

2. Øyunn Fagerhaug – Oppdal spell- og dansarlag

3. Jenny Aalborg – Hedmark juniorspellemannslag

Solo fele/ hardingfele senior:

1. Aslak Opsahl Brimi – Lom spel- og dansarlag

2. Ingrid Schei Stuhaug – Gamlebanken spelemannslag

3. Bjørn Kåre Odde – Lom spel- og dansarlag

Lagspel:

1. Sør-Fron spelmannslag

2. Lom spelmannslag

3. Mukampen spel- og dansarlag

Lagdans junior:

1. Skjåk Spel- og Dansarlag, junior

Lagdans senior:

1. Lystringen

2. Ogndalsvegen 141 med venner

3. Furuleiken spell- og dansarlag

Ope klasse:

1. Marie Skavnes og Øyvind Selnes

2. Spelldåsen

3. Dåmtrio

Pardans senior:

1. Anne Grete Nyseter Bjørgan og Rolf Bjørgan

2. Leon Årdal og Irene Hestvik

3. Solveig Brekke Hauknes og Ole Nilssen

Samspel junior:

1. Hedmark juniorspellmannslag

2. Espen og Even

3. Lom juniorspelmannslag

Gruppespel:

1. Grindstuen & Midtlis

2. Dølalæte

3. Syvers orkester