Vel 80 personar møtte fram på folkemøtet om kommunesamanslåing i Vågå kulturhus onsdag kveld.
Sjølv om Vågå og Sel er i gang med utgreiing av kommunesamanslåing, var det fleire som gjerne hadde sett for seg at fleire kommunar i regionen tok del i dette arbeidet.
– Eg trur ikkje små kommunar vil klare seg sjølv. Vågå og Sel er for puslete. Vi hadde fått ein liten bykommune om vi hadde slått saman alle dei seks kommunane i regionen, sa Oddvar Eimstad og hausta applaus.
– Kva er det som hastar så? spurde Bård Lykstad. Han hadde same syn som Eimstad.
– Eg hadde ynskt ein konsultasjon av seks kommunar. Eg ser ikkje for meg anna som er berekraftig, sa Lykstad.
Les meir frå folkemøtet i papiravisa neste torsdag.