I utgangspunktet var det sikten i svingen rett vest for Pollfoss som skulle bli betre. Vegen skulle ikkje bli breiare.

Det tykte ikkje lastebilnæringa noko om.

– Da eg høyrde at sikten skulle utbetrast i denne svingen utan at vegen skulle bli breiare, tenkte eg at dette rett og slett er hol i hovudet, seier leiar i Norges Lastebileierforbund i Sogn og Fjordane og dagleg leiar i Tenden Transport AS, Rolf Olav Tenden. Eg tenkte at dette måtte vera feil, men fekk stadfesta at slik skulle det vera, fortel Tenden.

Lobbyselskapet Gode Vegar tok tak i saka, og etter samtalar med Skjåk kommune og lokale representantar for Statens vegvesen vart vegen èin meter breiare i svingen, som mellom sjåførane har hatt namnet «Speglknusarsvingen».

Strekninga der arbeidet har vorte utført har vore ljosregulert. Vegen blir opna for uregulert ferdsel denne veka, men vegskuldra blir ikkje asfaltert før neste år.

Les meir om utbetringar på riksveg 15 i Skjåk i papiravisa torsdag.